Logg inn

Sponsor & Gåver

Vil du støtte Hornmusikken?

Ein viktig del av fokuset til korpset går på å skaffe midlar til drifta. Vi får tidvis pengegåver frå ulike hald. Så kjem overskot frå spelejobbar, musikk-kafe, konsertar og frivillig innsats. Betra økonomi den seinare tida har gjeve oss rom til å satse på nykjøp av instrumenter og lærarkrefter. Særleg stas er det med dei som veljar å vere støttemedlem. Ein skare med lojale sponsorar tingar plass i det årlege Hornmusikkheftet, det har vore særs viktig for at korpset er i vekst. Nesten alltid er der nokre kjende og kjære blant publikum, såkalla gjengangarar. Tusen takk alle saman, det er publikum vi spelar for!

- Styret i Florø Hornmusikk takker for alle gåver og støtte -

Vi vil sende ei takk til kulturskulen i kommunen for godt samarbeid viktig støtte med lærerkrefter og ressurser, vår viktigste støttespelar!