17. MAI: Trass i at han var russ, var Gunstein sjølvsagt med og spelte under 17. maitoga i Florø.
Foto: Torgeir Halvorsen

Gunstein Strømsnes

Tragisk bortgang

I september i fjor mista 19 år gamle Gunstein Strømsnes livet i ei bilulykke på riksveg 5 forbi Erdalen. Gunstein hadde fram til då spelt tuba i hornmusikken sidan han var 16 år, og han var også med på oppstarten av brassbandet i 2010. Han var ein kjær ven for mange.

17. MAI: Trass i at han var russ, var Gunstein sjølvsagt med og spelte under 17. maitoga i Florø. Foto: Torgeir Halvorsen For å heidre Gunstein, og i samråd med familien hans, har Floraskulen brassband bestilt eit eige verk i hans namn for pengane som kom inn etter gravferda hans. Verket skal Florø hornmusikk framføre for første gong no på søndag.– Gunstein var kanskje ikkje den som brukte flest timar på øvingsrommet, men han var definitivt ein av dei som gav mest av seg sjølv. Han hadde alltid eit trøstande ord til yngre medmusikantar i Floraskulen Brassband, eller ein småfrekk kommentar til tøffe hornmusikktubaistar – eller en vittig replikk til månemannen foran korpset, smiler dirigent og månemann Torgeir Halvorsen.